Fotocredit:

Grønn politikk klar for fylkestinget!

Før den kjølige sommaren seig innover oss, la grønne ildsjeler ned mange arbeidstimar for å få ferdigstilt eit program som kunne ta fylkestinget med storm. For Miljøpartiet dei grøne er det gledeleg å sjå at stadig fleire menneske melder seg inn i partiet og stemmer på oss ved valg. Det gjev oss til optmistar, også i Rogaland.

 

 

 

I Rogaland har me aldri vore representerte på fylkestinget. Vår einaste representant på kommunenivå har i fire år vore Torfinn Ingeborgrud i Stavanger. Han stiller som listetopp på fylkeslista i år. Saman med dei 3 neste kandidatane på lista, Marianne Sol Levinsen, Bjørn-Erik Davidsen og Heidi Westin Eikje, var dei med i prosessen som leia fram til eit program medlemmane kunne einast om. Prosessen blei innleia ved at ein programkomite frå det nyvalgte styret gjorde det første grovarbeidet på eit utkast. Deretter blei det samankalla til eit medlemsmøte som skulle komme med innspel og debattere over programmet. I vekene som gjekk etter dette var dei 4 fylkestoppane og programkomiteen frå styret i dialog om ei ferdigstilling av programmet.

Me er glade for å presentere programmet vårt og trur det tilfører noko nytt på mange område i fylkespolitikken!

Les i kortversjon eller fullstendig

NB! Også på lokalt plan er prinsipprogram og arbeidsprogram for Miljøpartiet dei grøne nasjonalt, gjeldande. Les desse: her