Politikk

3. juli, 2015

Miljøpartiet de grønne er godt i gang med arbeidet som skal føra fram til eit arbeidsprogram for stortingsperioden 2017-2021. Programkomiteen er valgt av landsmøtet, som er det høgaste organet i MDG. 15. mai var fristen for å koma med innspel til programkomiteen. Dei arbeider med eit utkast som blir tilsendt lokal- og fylkeslag i august 2016. Etter utsendinga blir det mogleg å koma med innvendingar og endringsforslag. Under landsmøtet i 2017 kjem programmet opp for siste diskusjon og finpuss før eit endeleg vedtak.

For meir informasjon om programarbeidet, klikk her!

I Rogaland er det ønskeleg at lokallag og medlemmar får sjansen til å bidra med synspunkt. Me har tidlegare hatt workshop, i forkant av fristen i mai. No nærmar det seg høyringsrunden. Medlemmar mottar epostar i samband med høyringsrunden som kjem etter sommaren.

Forutan deltaking i nasjonalt programarbeid er Miljøpartiet dei grøne i Rogaland i ferd med å starte opp to politiske utvalg. Helsepolitisk utvalg blei stifta den 19. mai i år, med Daria Maria Johnsen (Stavanger) og Jan Kristoffer Johnsen (Sola) som inititiativtakarar. Energipolitisk utvalg skal starte opp den 14. juni, med Peter Breuhaus og Fridtjov Holm som initiativtakarar. Dette skal bli arenaer for utvikling av god, grøn politikk, med særskild fokus på tilhøva i Rogaland.