Gjennombrudd!

Fotocredit: Amy Gjeltnes / Facebook

Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015 blei eit stort gjennombrudd for Miljøpartiet dei grøne!

21. september, 2015

På bilete: to av MDG sine nyvalde kommunestyrerepresentantar i Rogaland, Alexander Rügert-Raustein i Randaberg (midten), og David S. Moen i Sola (til høgre).

Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015 blei eit stort gjennombrudd for Miljøpartiet dei grøne! Også forrige lokalval, 2011, var eit viktig val. Gleda i Rogaland var den gongen stor då Torfinn Ingeborgrud kom inn i bystyret i Stavanger etter ei fintelling. Den gong fekk me 18 kommunestyrerepresentantar og 1 fylkestingsrepresentant.  I 2015 fekk me 221 grøne røyster inn i kommunestyrene rundt om og 33 i fylkestinga! Me kan gleda oss over at eit parti med eit begrensa valbudsjett makta å nå fram til folket med bodskapen sin. Dette gjev oss tru på at partiet står for ein etterlengta politisk tenkemåte, som også kjem til å vere ei sterk røyst fram mot stortingsvalet om to år.

Vår eine grøne kommunestyrerepresentant valgt i 2011, fekk med seg 3 stykker til inn i bystyret i Stavanger. Til saman fekk Miljøpartiet dei grøne i Rogaland 15 kommunestyrerepresentantar, og med 3,7% oppslutting i fylkestingsvalet fekk me inn 2 representanter. Ein stor takk til alle som har stemt desse inn, med eit ønske om å få flest mulig med i den kommande oppbygginga av partiet her i Rogaland!