God grøn jul!

Miljøpartiet Dei Grøne Rogaland ønsker alle sine medlemmar, sympatisørar – og opponentar – ei god jul og eit god nytt år!

 

22. desember, 2015

Året har vore spennande for oss som parti, og ein stor takk går ut til alle som har gjort gjennombruddet mogleg i Rogaland! Me sit i opposisjon og posisjon i 9 kommunar, og fekk 2 representantar inn på fylkestinget!

I året som kjem skal MDG Rogaland forsøke å organisere seg på best mogleg måte. Me er i gang med å finne ut av våre behov for sekretær og kontorlokale. I denne prosessen prøver me å inkludere alle lokallag.

Det blir også mykje arbeid med det nasjonale politiske programmet fram til stortingsvalet i 2017. Den nasjonale programkomité inviterer sine lokallag til å bli med i denne prosessen, og MDG Rogaland håpar på å kunne legge til rette for ein kreativ, politisk prosess!

Årsmøtet til fylkeslaget MDG Rogaland er satt til 10. februar, i Stavanger. Formell innkalling kjem til alle medlemmar på epost når alt er fastlagt.

Miljøpartiet dei grøne er eit parti som ønsker å ha så stor maktspreiing som mogleg. Derfor inviterer me alle våre medlemmar med inn i det nye året som aktive bidragsytarar! Me håper på å vere eit parti der alle som ynskjer skal kjenne at dei er inviterte med i styringa av partiet. Me er stolte over å ha hundrevis av dyktige menneske i ryggen i det arbeidet me gjer i styret, på fylkestinget, i kommunestyrer og bydelsutval.

 

 

De grønnes glitrende tre, god dag!